Index Start Garden Oss Nyheter Oppussing Bileter Gardslivet Dyrene

Garden er på 57 mål totalt. Av dette er ca. 17-18mål dyrka, resten er skog, innmarksbeite og ein liten dam.

Det er 2 bolighus på garden. Det eine er frå ca. 1920, det andre er bygd i 1984. Husene er bygd sammen, men dei har eigen inngang. På avstand ser det ut som eit stort hus, men det er altså 2 separate hus. På garden har det tidlegare budd ei familie på 9, 7 ungar og 2 voksne. Vi har god kontakt med nokre av ungane (som no sjølvsagt er vaksne), og dette hjelper på når vi har ulike spørsmål om garden.

Det er også ein gammal fjøs på garden...aner ikkje kor gammal denne er, men den trenger sårt litt oppussing. Dette kjem vi til å ta etterkvart. Så er det eit gammalt traktorskur med eit lite "sagbruk" på eine sida. Og eit uthus som muligens har vore brukt til garasje tidlegare. Det uthuset blir nok reve for å gi plass til ei skikkeleg garasje...bilen vår kjem nemleg ikkje inn i uthuset som står der i dag. Vi reknar også med å etterkvart rive traktorskuret for å bygge opp ein stall der.

Fjøsen og husene blir nok ståandes og etterkvart oppussa.

Garden.