Index Start Garden Oss Nyheter Oppussing Bileter Gardslivet Dyrene

12.03.2007

Har fått oppdatert litt igjen, ingen nye bileter enda, men skal prøve å legge ut nokre seinare. Vi har blant anna feira nyttårsaften på gården vår. Det var ein herleg opplevelse som eg gledar meg til å gjenta i år!


14.10.2006


Endeleg tid for litt oppdatering igjen. Har vore hektisk siste vekene, både med sjuk hest og tidsproblem med tanke på levering av kjøkken. Men no er vi i mål med kjøkkenet på den måten at kjøkkenet står ferdig montert på garden. Riktignok manglar det å få opp veggpanelet, det elektriske anlegget, lys, koble til vatn, få opp kjøkkendøra, få lister rundt vindauget og langs gulv/tak, få opp ventilator over induksjonstoppen samt 2stk kirsebærheiltre hyller over ventilator. Men vi har ikkje lenger ein dato hengandes over oss som eit spøkelse...

Eg trur eg lar bileta tale ein del for seg, så får eg skrive meir seinare. Men vi er utruleg lykkelege over at tidspress perioden er over. Er også utruleg herleg å sjå at kjøkkenet nesten er ferdig! Heilt uvirkeleg og herleg! Eg kan stå og kikke på kjøkkenet i det uendelege og berre nyte...treng eg å seie at vi er kjempefornøgde? Likevel blir vi til tider bittelitt motlause...det er så utruleg mykje som gjenstår. Heldigvis varer motlausheten veldig kort!


03.09.2006


Då har eg fått lagt ut mange fleire fotoalbum. Vi hadde mini dugnad i går (lørdag 02.09), var eg, Sigbjørn og ein kamerat av Sigbjørn. Vi gjekk laus på panelen i stova, og fekk ned nesten alt! Står igjen litt i gangen mot soveromma p.g.a at vi ikkje fekk kobla ut strømmen der. Vi er slitne, men lykkelege! Deileg å få ut panelen! I dag har dagen gått med til hundeutstilling, i morgon er fyrste dag i ny jobb for meg!!


01.09.2006


I dag har eg klippa plenane(brukte eit par timar berre på det...), raka opp gammalt gras, klippa bærbusker og styra på. Laga også heimelaga drops tidlegare i dag. Er heilt utslitt, så får oppdatere meir litt lenger ut i helga.

Eg har tatt ein haug bileter, så snart eg får ordna desse i album så blir dei lagt ut på sidene her.


31.08.2006


Vi har fått eiga gjestebok til sidene! Skriv gjerne ei helsing! Gjestebok-link.
Vi har gjort ein del ute og inne på gården, men oppdatering på det må komme litt seinare. Nye bileter vil også dukke opp ganske snart!



22.08.2006


Då har vi bestillt kjøkken! Vart litt dyrt, men trur vi kjem til å bli kjempefornøgd! Det blir sannsynlegvis levert i veke 41 eller 42....gledar oss. Så har vi fått røska ut mesteparten av gamle kjøkkeninnredninga. Kun vasken og avtrekksvifta som står igjen no. Deilig å få det ut! Reknar med at neste som skjer på kjøkkenet er at rørleggaren kjem og flyttar om på avløpsrørene + at han innstallerar ein trykktank. Det er *host,hark*...øh LITT dårleg trykk i tanken i dag...;-D

Vi har også laga oss eit pauserom og kjøkkenkrok på det minste soverommet i huset. Der har vi ein sofa og bord, mini kjøleskap, kaffitraktar, tv og smørbrødjern. Meininga er at dette rommet skal få stå slik til kjøkken og stove er 100% ferdig...slik at vi alltid har ein stad å slappe av på og kose oss.

Vi har også kjøpt oss 2 bringebærbusker og 1 bjørnebærbusk. Skal etterkvart få kjøpt inn 1 morelltre (gåve frå foreldra til Sigbjørn) og nokre plommetre samt eit nytt epletre. Det epletreet vi har i hagen i dag er IKKJE særleg enkelt å plukke ifrå + at vi ikkje anar kva type eple som er på det.

Skal snart begynne å rive ned panelen i stova også no...gledekvir meg... Mykje arbeid, men trur det blir KNALLFINT med perlestaff og Cafè Latte farge...



18.08.2006


Har skjedd mykje sidan sist. Blant anna har eg blitt tante til mi fyrste niese! (har frå før 6 nevøar)

Når det gjelder garden, så har vi i all hovedsak svidd av MASSE peng....*gulp*....og meir blir det! Vi har kjøpt eik-skipsgulv (laminat) til stova, ferdigmalte Arbor-plater til stove og kjøkken og bestillt ny salong til stova (3+4 seters sofa, stressless med puff og eit bord + hjørnebord). Så har vi undersøkt prisar på maling av hus (STEIKE for nokre prisar!!!), rørleggar, og ventar på prisoverslag frå snekkar/flisleggar.

Ellers har vi hatt ein god del besøk, som alle har blitt nøye visst rundt på garden vår.



10.08.2006


Den store overtagelses dagen! Frå og med i dag er gården vår! Vi gjekk igjennom huset med meglar, og fekk nøklane for godt! Trenger eg å seie at det var ein DEILIG følelse??

Vi feira fyrst med vaniljebollar, saft og litt snacks. Så plukka eg litt bær, medan Sigbjørn suste heim og henta Pan + middagen vår (hamburgerar). Så laga vi vår aller fyrste middag på nyegården!

Bileter frå dagen ligg på bildeforumet.



09.08.2006:


Då har det gått ein månad sidan sist eg var inne her. Har ikkje skjedd så mykje av betydning med gården, men i morgon klokka 12.00 er det offisiell overtakelse!! JUHUU! Så til helga reknar eg med at vi startar å rive ut kjøkken innredninga! Gjett om vi gledar oss til å endeleg komme i gang!

Ja, og så har eg plukka masse bær på gården. Er ein haug med bær der oppe, og eg greier visst ikkje å få plukka alt før dei ramlar av/råtnar dessverre. Men neste år skal bærene takast etterkvart som dei modnast! Har også for fyrste gong i mitt liv laga ripsgelè, solbærgelè og rips+solbærgelè! Og det vart faktisk GODT!

Så har vi hatt ein del besøk som vi har vist rundt oppe på gården m.m. Egentleg vore eon hektisk månad, men likevel har det liksom ikkje skjedd noko på ein måte. Trenger eg å nemne at vi er ganske tent på å komme i gang med å fysisk gjere noko?? Vi har pussa opp huset og gården ørten gongar allerede...men kun i tankane...



09.07.2006:


Ettermiddag.....vi kjørte ein tur og endte opp på gården vår...merkelege greier.. Men vi brukte muligheten til å fotografere og kikke litt nøyare på huset. Oi kor rart at vi skal bu der! Kriblar i magen! Det er så herleg fredeleg der! Føler roa senke seg når eg står i hagen og kikkar på utsikta. Dette må jo berre bli bra!?
Egentleg skulle vi berre flytte hestane i dag, men vart ein bitteliten gårdstur likevel...litt deilig...leeenge til overtakelsesdatoen no!!

Eg slit forøvrig litt med skrift og design på sidene...er noko krøll ein stad, så dei er noko ulike førebels. Håpar på å få fiksa det ganske snart.

09.07.2006:

Då har eg fått sida på nett. Er ikkje så mykje her inne enda, men det kjem! I starten vil det vere mest bileter frå området og gjerne tankar rundt planlegging av oppussing som vil komme her. Vi overtar ikkje garden før ut i august, så tar enda litt tid før vi kjem igang for fullt.

Har lagt ut to fotoalbum som ein liten forsmak. Kjem truleg fleire bileter iløpet av kommande veke.

Nyheter.