Index Start Garden Oss Nyheter Oppussing Bileter Gardslivet Dyrene

12.mars 2007

Oppussinga går framover, men det dukkar stadig opp nye idèar og ting som førar til at ting tar lenger tid enn planlagt. Det siste store prosjektet vi har starta på er bygging av nytt bad på eine gjesterommet oppe. Så blir det gamle badet matbod. Heldigvis opna Megaflis her på Lillehammer i "grevens tid" så vi har klart å raske med oss nokre gode opningstilbud. Ellers har vi fått montert trykktank/pumpe og montert til vatn og avløp på kjøkkenet. Sigbjørn har fått satt inn dør på kjøkkenet og er igang med å få opp panel på veggane.

Så har vi bygd om heile gangen, den har blitt flott! Bilete er lagt ut tidlegare. Gangen er flislagt med varmekablar og det bittelille vinduet er skifta ut med eit stort, lyst og triveleg vindu. No kan vi nyte utsikten frå gangen også! Vi er veldig fornøgd med den lille "overgangen" vi bygde over trappa. Dette gir oss LITT meir plass i gangen enn det som var. Vi har kjøpt inn nye vindu til stova som skal settast inn no, og nytt vindu til det nye badet vårt.

Dessverre har vi oppdaga ein liten lekkasje i taket på badet i kjellaren. Veit ikkje kvar den kjem ifrå enda, så må sannsynlegvis rive opp taket for å få sjekka skikkeleg...tid og pengar...

Eg har for tida 2 kvalpekull som tar mykje av tida mi, og Sigbjørn skal på utanlandsoppdrag nokre månader. Dette forsinkar oppussinga kraftig, så vi må nok berre smøre oss med ein god porsjon tolmodighet enda ei stund. Bryllupsplanlegging må nesten komme forand oppussing ei stund framover no også...



14.10.2006

Kjøkkeninnredninga er på plass, gulvet er på plass, vindua på kjøkkenet er skifta, vi er kommen eit stort steg vidare i oppussinga! Til og med sofagruppa, stresslessen og 2 bord kom seilandes inn døra frå Skeidar på fredag. Det var litt blanda følelsar om det, sidan stova knapt er påbegynnt... Panelet er borte, men det er også alt vi har rukke der. Må legge til at eg har malt taket på kjøkkenet også, då. Og påbegynnt maling på taket i stova. Men i stova må vi vente litt, då vi dessverre oppdaga ein liten lekkasje som trakk ned i takplatene.



18.08.2006

Vi har bestemt oss for å ta ned all panelen i stova og sette opp Arbor, ferdigmalte plater med perlestaff mønster. Trur det vil bli veldig bra. Men "litt" ekstra arbeid med å få ned panelen...gledar meg ikkje til det akkurat.

Har også bestemt oss for eik-skipsgulv i stova (laminat), trur det passar fint å ikkje ha alt for mørkt gulv i stova. Suger fort mykje lys.

Kjøkken har vi ikkje klart å bestemme oss 100% for enda, men Norema er ein sterk kandidat så langt...

Eg har beskjært epletreet litt (fjerna dei døde greinene eg fekk tak i), og eine systra til Sigbjørn har vore og kikka på hagen. Ho skal få i oppdrag å ordne til to skråningar som i dag kun er bevokst med ugras...(ho er anleggsgartner). Blir spennandes å sjå resultatet!



09.07.2006

Førebels er det planlegging, budsjettrekning og innhenting av informasjon og tilbud vi jobbar med. Snart skal vi opp i huset og måle opp alle rom slik at vi kan få bestillt kjøkken. Er noko lang leveringstid på kjøkken, så vi syns det er greit å komme igang med dette tidleg.

Badene skal vi sjå nærmare på for å sjå kva som må gjerast og kva som kan vente. Vi håpar at badene i 1.etasje er i orden, men fryktar at dei nok må gjerast noko med.

Akkurat no flyter det med kjøkkenbrosjyrer, bad, kjølerom, varmekabler,innbyggingsvarer, malings og avtrekksvifte-brosjyrer over heile stova...sikkert fleire kassar med brosjyrer...puh!

Oppussing.