
Sidan både eg og Sigbjørn er oppvoksen på gard, så har vi alltid hatt lyst på eit lite småbruk. Sidan eg også har nokre hestar og hundar så var det absolutt eit behov for plass. Vi surfa på nett, saumfarte aviser og spurte folk vi kjente om dei visste om gårdsbruk. Eit halvår gjekk, vi mista av og til håpet, men så ein dag...
4.juli 2006 er datoen då vi kjøpte draumen vår, som vi håpar skal bli vårt lille paradis. Vi veit vi har kjøpt oss mykje arbeid og utgifter, men kva gjer vel det når vi har pågangsmot, iver, draumar og utgangspunktet allerede er ein draum?
Velkommen til å følge med på prosjektet vårt!
Nyhet: Vi har fått gjestebok!